Handlekurv


Handlekurven er tom

0,-

0,-

Inkl. mva. - Ekskl. frakt

KATTNAKKEN PLASK REGNSETT <br> ROSE


899,-
Antall:

Me har laga ein ny liten flokk av regnsett.

Nett som i eventyret om bukkane Bruse, er dei ulike i si framtoning og eigenskapar.

Alle setta er laga i gode kvalitetar og av flinke leverandørar,

men prisen og eigenskapane er noko ulike.

Me kallar dei Yr , Pøs og Plask.

 

PLASK

Dette settet har alt, og meir til. 

Her er både jakke og bukse i same kvalitet, med børsta innside.

Det er mjuk fleece på insida av kragen og vannstoppar finst i både ermer og bein. 

Her har me slitesterk gummistrikk under føtene, refleksar på jakke og bukse, og mykje moro i print og andre detaljar. Sveisa saumar og sikker hette som er både avtagbar og regulerbar.

Gode kvalitetar og sterke saumar held regnet ute dagen lang!

Vannsøyle: 30 000 mm. 

 

Her får du alt du treng for å nyte ein god regnvêrs dag!

 

Vårt regntøy er printa for hand og det kan derfor forekomme små variasjonar i printet. Dette påverkar ikkje kvaliteten i regntøystoffet.

 

Regntøyet har dei siste åra blitt ein favoritt blant barn, foreldre og barnehagar.

Relaterte produkter